Sota
Olav Aukrust. Himmelvarden. 1916
Det er ei sæter som heiter Sota,
og einsleg ligg ho i svarte audni.
Eg kom der veg-vill ein gong ved midnatt,
og myrke segner imot meg susa, -
sev for vind uti straum rakte,
kragg og trollskog kraup og krakte -
kryp og krèk der til domedag.
*
Det var ei hildrande ungmøy-hulder
som sat budeie på denne stulen.
Ho heldt med tvo, og det vart til våe, -
ho fekk då nøgdi, til sist, av båe,
og dei fekk metta si båe tvo.
Det hende noko der, langt attende.
Det small eit skòt der ein gong ved midnatt.
I ormut otte låg ein og glødde,
han låg og lura, han låg og lødde -
hin stupte då skotet small.
- - -
Han kom til Sota ved midnattsleite
og kravde løni for velgjort arbeid.
Han stengde døri, ho sløkte ljoset
- det raute tungt gjenom fenafjoset -
tvo hjarto dunde i natti nifs.
Han som skaut , var han Kristen Fange,
men han som stupte, fekk ingen spurt meir.
Han jaga fram gjenom natti, fullvák,
han lengta mot hennar heite famntak -
i tjønni søkktest han ende ned.
Han fanst att sidan, i folkehugen -
der flyt han upp or den svarte tjønni - -
og fer til kyrkje med fagert fylgje, -
frå høgste Lomseggen lèt Fangen hylje
sin munnharp'-slått over ferdi ned.
Då draup det blod or den svarte kista,
og som ei sau-soks er harpa stor, og
det syg og syg som på djupe vòtn -
høyr, ned frå Lomseggi fossar slåtten
som nemnest Fangen den dag i dag.
Nifs er slåtten hans Kristen Fange,
og svart er segni som sjølve Sota;
som høgste Lomseggi ris ho bratt
imot himmelkvelv, og som tjønn ved natt
går ho ende ned i sitt helvit-djup.
*
Kva dei tvau tala den siste natti
hev ingen høyrt um og ingen spurt um.
Kva løn, kva fagnad - kva lagnad fekk han?
- Og munnharp'-spelar og tulling gjekk han,
og ho sat aldri på Sota meir.
*
Eg kom dit myrkrædd ein gong ved midnatt,
og segni gufsa frå gamle tuftom,
og det var nattgangar-vilt ved Sota,
og det var attgangar-stilt ved Sota,
og skoddi rå uppi høom rakte, -
kragg og trollskog kraup og krakte -
kryp og krèk der til domedag.